nyhende
Nytt tal på skiltet: Sveio i pluss
Sveio går så vidt i pluss. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser 5.766 innbyggjarar ved inngangen til 2026 – 14 fleire enn året før.
Ordførar i Sveio, André Mundal Haukås er glad for at han i år igjen kan skriva ut eit nytt skilt som viser kor mange sveibuar det er ved inngangen til 2026.
– Det er alltid gledeleg å sjå at me blir fleire sveibuar, seier han med eit smil om munnen når han tek den korte turen til Vestavind sitt kontor.
Veksten heng saman med at kommunen samla sett hadde netto tilflytting på 20 personar i løpet av året.
Auken kom i stor grad i første kvartal 2025, då kommunen enda med ein netto tilflyttingsvekst på 28 personar, viser SSB-tala. I dei seinare kvartala enda kommunen på minussida med nokre få personar.
Færre fødde enn døde
Samtidig viser SSB at fødselsoverskotet blei eit underskot for Sveio i 2025, med seks færre fødde enn døde.
– Her må me som kommune legga til rette for at fleire kan etablera seg, særleg familiar. Det er dei som kan snu denne trenden.
Ordføraren peikar derfor på bustadbygging som eit viktig grep.
– Me ser ein vekst i byggenæringa, og det me gjer no med det planlagde bustadfeltet på Ekrene blir viktig, samstundes som me har mange andre flotte stadar i kommunen som familiar kan etablera seg i.
Er overskotet mellombels?
Ordføraren seier tilflyttinga har vore avgjerande for at Sveio endar i pluss, og viser til dei nye innbyggarane frå Ukraina.
– Me ser jo at me har vore avhengige av våre nye medborgarar frå Ukraina for at me skal ha gått i pluss dei siste åra, seier han, og peikar på at dette er eit usikkert grunnlag for vidare vekst.
Han understrekar at det på lengre sikt ikkje er sikkert at alle blir verande permanent. Samstundes peikar han på at dei ukrainske innbyggarane alt har blitt ein viktig del av lokalsamfunnet, og at fleire og fleire fyller viktige jobbar rundt om i kommunen.
Folketalet i Sveio har svinga dei siste åra. Kommunen nådde ein topp i 2021 med 5.798 innbyggjarar, før det gjekk ned i 2022 og 2023 til 5.775 og 5.732. Etter det har utviklinga snudd att, med ein forsiktig oppgang dei siste åra.
Trur på positiv utvikling
– Er du uroleg for at folketalet vil søkka i eit lengre perspektiv med tanke på avhengigheita av tilflytting frå Ukraina?
– Me ser at framskrivingane i SSB er positive, og me er ein kommune som ligg tett på næringsliv og arbeidsplassar både til Haugalandet og Sunnhordland. Så eg har tru på at me kan veksa også i åra som kjem.
– Trur du kommunen når 5.800 sveibuar 1. januar 2027?
– Me må i alle fall satsa på det, avsluttar Mundal Haukås med eit smil – og håpar både nye tilflyttarar og sveibuar som alt bur i kommunen, vil vera med og løfte veksten vidare.