nyhende

Bygg og bu

Tidleg avling av rabarbra kan du legga grunnlaget for allereie før planten begynner å spira.

No livnar det i lundar

Det har vore ein lang og kald vinter, og no er våren like om hjørnet. Dei med dei grønaste fingrane er allereie godt i gong med førebuingane til hagesesongen. Me møtte eit trekløver frå Sveio Hagelag for å høyra om dei hadde nokre tips til hagearbeidet.

Publisert

Sveio Hagelag har eit godt samarbeid med Sveio folkebibliotek. Her held dei møta sine og inviterer til foredrag og «frø-kveldar». I januar var naturfotograf Jan Rabben på plass og snakka om «Ville orkidear» og «Fuglar i hagen». Denne dagen i februar er det tre av fem i arbeidsgruppa til Hagelaget som møter Vestavind for eit intervju. Solfrid Hovland (69), Annlaug Fludal (65) og Britt Oddrun Stuve (59) finn seg ein plass rundt bordet.

Kontrastane er store i ein hage. Her ser du drivhuset på Hoien i vinterdvale.
Kontrastane er store i ein hage. Her ser du drivhuset på Hoien i sommarskrud.

På spørsmål om kva dei vil tipsa hageeigarar om å ta seg til no før våren kjem, manglar det ikkje på forslag. Alle er einige om at det blir spanande å sjå kva som har overlevd barfrosten i vinter.

– Det blir nok eit par turar ekstra på hagesenter i år vil eg tru, seier Annlaug Fludal og får medhald av dei to andre. Likevel oppmodar dei om å ikkje rydda for hardt for tidleg.

7 gode hageråd

– Klematis er ein typisk plante som plutseleg kan vakna til liv att. Hortensia òg, den kan fort komma med rotskot og blomstrar på andre års grein. Ein må væra tolmodig, seier Solfrid Hovland, som saman med Annlaug og Britt Oddrun har følgjande sju hageråd:

Klosterklokker er av dei tidlegaste i blom om våren. Dei toler kulden godt og om blomstringa blir stoppa av frost, held ho fram når mildvêret kjem.
Cherrytomatar og tomatar smaker ekstra godt når dei er frå eiga avling. Så eit frø allereie no.
  1. Ha is i magen. For sjølv om planten kan sjå ut til å ha «gått ut», kan det vera liv nede i rota. Vent ei god stund til du er heilt sikker på at det ikkje er håp.
  2. Plant løkplanter. Påskeliljer, perleblomst, snøklokker og klosterklokker kan plantast ut i hagen så snart frosten har gitt seg. Ein bør vente til mai med det meste andre.
  3. Så frø. Så tomatar, paprika, agurk, gulrøter, chili, knollselleri, purre og mykje anna i isboksar eller druebeger. Druebeger med lokk fungerer godt som små drivhus. På denne tida må du ha vekstlys og setta det kaldt, men frå april går det fint i vinduskarmen.
  4. Rydd og rak. Alt er lett synleg i hagen på denne tida. Rak plenen for å få vekk rusk. Bladverk i staudebed kan godt få ligga heilt til det begynner å spira eller endå lenger. Det blir jord av det og det beskyttar mot frost.
  5. Planlegg. Har du kjøkenhage er det lurt å planlegga for vekselbruk slik at jordkvaliteten held seg god. Vil du opparbeida noko nytt i hagen er dette tida for å henta inspirasjon. Instagram kan vera ei god inspirasjonskjelde. Solfrid kan anbefala Maria Berg Hestad sin konto.
  6. Klipp frukttre. Så snart frosten har sloppe tak kan du klippa frukttrea. Roser må ein venta med å klippa til bjørka spretter.
  7. Vent med kunstgjødsling. Vil ein gjødsla plantar med kunstgjødsel kan det vera lurt å venta til 1. april. Det må vera vekst for at planten skal kunna nyttiggjer seg av næringa. Plenen kan ein venta heilt til mai med, elles risikerer ein at all næringa regnar vekk.

Fleire gode tips

Brit Oddrun har halde foredrag om kjøkenhagen sin på Hoien på Tjernagel. Der dyrkar ho poteter, grønsaker, urter, frukt, bær og rabarbra.

– Eg anbefaler har møkk eller kugjødselkompost på rabarbraen før han begynner å spira. Då vil han gi eit tidleg avling, tipsar Brit Oddrun. Sveio Hagelag har vore på hagevandring på Hoien tidlegare. For i tillegg til foredrag og temakveldar, arrangerer hagelaget turar og hagevandringar i distriktet. På programmet i 2026 står både fellestur til Arboretet i Bergen for å sjå på Rhododendronblomstringa og lokale hagevandringar på Vikse og Hope.

Trekløveret ønsker alle hageinteresserte velkomen til hagelaget, som brukar facebook og Vestavind som informasjonskanal. Samarbeidet med Sveio folkebibliotek gjer at kommande temakveldar og blir delt der. 

Frå venstre: Solfrid Hovland, Annlaug Fludal og Brit Oddrun Stuve. Tre av fem i ei arbeidsgruppe som saman driv Sveio Hagelag

Bildetekst:

Hagelagstips 01: Frå venstre: Solfrid Hovland, Annlaug Fludal og Brit Oddrun Stuve. Tre av fem i ei arbeidsgruppe som saman driv Sveio Hagelag. Foto: Kjartan Moe Hustvedt 

Hagelagstips 02: Tidleg avling av rabarbra kan du legga grunnlaget for allereie før planten begynner å spira. Foto: Brit Oddrun Stuve

Hagelagstips 03: Klosterklokker er av dei tidlegaste i blom om våren. Dei toler kulden godt og om blomstringa blir stoppa av frost, held ho fram når mildvêret kjem. Foto: Annlaug Fludal 

Hagelagstips 04: Trollhassel blomstrar om vinteren om det er mildt. Kjem det ein kuldeperiode set planten blomstringa på vent til varmen kjem. Foto: Annlaug Fludal 

Hagelagstips 05: Cherrytomatar og tomatar smaker ekstra godt når dei er frå eiga avling. Så eit frø allereie no. Foto: Brit Oddrun Stuve

Hagelagstips 06: I ein hage er det arbeid nok til alle. Foto: Brit Oddrun Stuve

Hagelagstips 07 og 07b: Kontrastane er store i ein hage. Her ser du drivhuset på Hoien i vinterdvale og i sommarskrud. Foto: Brit Oddrun Stuve

Hagelagstips 08 : Med litt forarbeid og planlegging kan du henta eigne poteter i hagen til hausten. Foto: Brit Oddrun Stuve

Powered by Labrador CMS