nyhende
No blir det bistro på kaien i Våga
Onkel og nevø Birkeland har fått kokken Sørensen med på laget, og fredag er det opning av Våga Bistro. – Me synest det er kjekt å bidra til at det skjer noko i Ålfjorden, seier trekløveret.
Ideen om å skapa aktivitet og ein møteplass der folk både kan ha det sosialt og få seg ein matbit ved Ålfjorden, kom før jul. Med på laget er André og Sten Birkeland og Inge André Sørensen.
Har gjort alt sjølv
Frå idé til dei kunne setta i gong for alvor, gjekk det ein periode med mellom anna søknadar og andre offisielle ting som måtte på plass. 22. april kom dei siste nødvendige vedtak og løyver frå kommunen og brannvesen. Sidan då har det blitt jobba lange kveldar og helger. Med opning 5. juni som mål.
– Me har gjort alt sjølv og pussa opp alle flater i huset. Tak, vegger, golv. No gjenstår det å skifta vindu og gjera resten av innreiinga klar til opningsdagen. Fargeval og tips til korleis lokalet skal sjå ut, har Butikkservice hjelpt oss med. Sjøhus er stikkord for innreiinga, og lokalbefolkninga har kome med garn, blåser og andre maritime ting etter at me etterlyste det på Facebook og Instagram, fortel Sten.
Pizza med lokale namn
Ein bistro må sjølvsagt ha mat. Kokken Sørensen har komponert fire ulike pizzavariantar. Alle med lokale namn: Våga, Erve, Fjon og Flatnes.
– Me har ikkje kjøkken, så pizzaen blir laga ein annan stad og steikt ferdige her i baren, seier kokken.
– Dette blir den einaste plassen i Ålfjorden kor folk får fatt i fersk pizza. Næraste utanom er Stord, skyt Sten inn.
Ope i helgene
Huset dei leiger ligg ved Våga kai. Det er same stad som Vågakiosken held til om sommaren, og kiosken skal inn i det nyoppussa lokalet etter kvart. Der blir det oppstart 27. juni.
– Kiosken er open på dagtid, og me på kveldstid fredag og laurdag. Dette kjem til å fungera veldig bra, og me har eit godt samarbeid med Indre Ålfjorden Velforening, seier Sten og Inge André.
Lokalet er no godkjent for 80 personar, og dei startar med 10 bord. Bistroen er eit sommarprosjekt, for om vinteren blir huset brukt som båthotell.
– Kva har dette kosta i tid og pengar?
– Det har blitt nokre titusen kroner. Arbeidstimar er det blitt mange av, men me har ikkje tald, seier Sten.
– Håper folk vil bruka oss
Undervegs har trekløveret opplevd at både kommunen og lokalbefolkninga har heia på dei. Det har gitt ekstra pågangsmot i arbeidet med å få bistroen opp og gå.
– No håper me folk vil bruka oss slik at me kan halda fram med tilbodet. I første omgang blir det som sagt helger, men me ser på alle mogelegheiter og er opne for å utvida om det blir stor nok etterspurnad. Det er fleire firma som har tatt kontakt, og me ser også for oss å kunna arrangera til dømes firmasamankomstar og bursdagsselskap, avsluttar Sten.
Har begynt å koma bordbestillingar
Opningshelga kjem det truleg til å bli fullt. Det har allereie begynt å koma bordbestillingar, og Facebook-posten om opningsdagen er delt over 100 gonger.
Det er ikkje så stor parkeringsplass ved bistroen, så trekløveret har ei oppmoding til dei som kjem: ver kreative – gå, bruk sykkel eller båt.