nyhende

Hoggormen er den einaste giftige slangen i Noreg og lett gjenkjenneleg med det karakteristiske sikksakkmønsteret. Normal lengde er 50-70 cm, men enkelte eksemplar kan bli opp mot 90 cm.

Møtte hoggorm midt i turløypa

Fredag føremiddag møtte Åshild Danielsen og mannen ein hoggorm både på tur opp og ned til Klauv. Den var overraskande hissig.

Publisert Sist oppdatert

Gode råd

I naturen:

  • Bruk støvlar og lange bukser: Hoggormen sine tenner er korte (ca. 5 mm), og kraftige klede eller fottøy vil ofte hindra at gifta når huden.
  • Lag vibrasjoner i bakken: Ormen merkar vibrasjonar godt og vil vanlegvis flykta før du kjem. Tramp hardt når du går i lyng eller høgt gras.
  • Følg med kvar du set føtene: Sjå kvar du trakkar, spesielt i tørt terreng, ved svaberg, kvisthaugar og vedstablar.
  • Ikke forstyrr ormen: La den vera i fred dersom du ser den. Dei bit sjeldan med mindre dei føler seg trua eller blir trakka på.

I hagen/vedhytta 

  • Hald graset kortklipt: Dette gjer at hoggormen lettare blir oppdaga og trives dårlegare.
  • Rydd opp: Fjern kvisthaugar, vedstablar, steinmurar og kratt der ormen kan gøyma seg.
  • Vibrasjonar: Bruk av grasklippar (særleg robotklippar) skaper vibrasjonar som held dei unna. 

Skadedyrbutikken og Apotek 1

– På tur opp til Klauv i 11-tida låg hoggormen midt i løypa. Den var teig, men veldig hissig. Den freste og reiste seg. På tur ned igjen såg det ut til at den var vekke, men det viste seg at den berre hadde flytta seg rett til sides for stien og låg klar, fortel Danielsen.

Varsla par med hund

Ho er ein ivrig turgåar, men etter møtet med hoggormen blir det ikkje det same. I alle fall ikkje opp til Klauv der ho går mykje.

– Eg likar ikkje hoggorm, og det øydelegg mykje av turgleda for meg at eg veit at den er der. No kjem eg nok ikkje til å gå der på ei stund. På veg ned mot parkeringsplassen møtte me eit par med hund. Dei blei skeptiske då me fortalde om hoggormen rett ved løypa, men eg veit ikkje om dei let vera å gå, fortel ho.

Straks ho var tilbake i bilen, posta ho bildet av hoggormen som advarsel på Instagram.

Ikkje første gong

Etter halvannan månad med barfrost, og deretter mykje snø, hadde ho ikkje venta å møta orm allereie no.

– Men eg har sett hoggorm tidlegare før. 9. januar i 2020 oppdaga eg ein på Vikse. Den låg heilt roleg. Då eg to dagar seinare såg den på nøyaktig same plass, pirka eg forsiktig borti den for å sjekka om den var daud. Det var den ikkje, men den var veldig treig, fortel ho.

Kan bita om den kjenner seg trua

Hoggorm er farligast når den kjem ut av dvale. Då er dei treige, trøytte og finn seg ofte lune, sørvendte solplassar for å «lada». Då er dei også mindre sky enn seinare når dei er i full vigør. I løpet av dvalen har dei også bygd opp fullt giftlager.

Hoggorm er den einaste giftige slangen i Norge, men er freda, som alle andre slangar i Noreg. Som regel vil ormen krypa vekk når menneske kjem i kontakt med den, men er du uheldig å bli biten, ta kontakt med lege eller Giftinformasjonen (telefon 22 59 13 00). Får ein alvorlege symptom, bør ein ringa det medisinske nødnummeret 113.

Symptom og tørrbitt

Det er viktig at personar som er biten av hoggorm held seg mest mogeleg i ro. Gifta blir spreidd raskare ved bevegelse. Du skal ikkje klemma, skjæra og suga på bittstaden. Barn som er bitt, bør berast, er råda frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Symptom på bitt med gift kan vera smerte, opphovning og rødme rundt bittstaden. Alvorlege tilfelle kan gi reaksjonar som opphovning over heile kroppen, oppkast, kvalme, magesmerter, hjartebank, sjokk, svimmelheit og medvitsløyse.

FHI skriv også at ca. 30 prosent av alle hoggormbitt er bitt der det ikkje blir sprøyta inn gift (tørrbitt). Slike tørrbitt er heilt ufarlege. Bittmerkene etter hoggorm ser ein som to små prikkar med 3 til 9 millimeters avstand.

Her ser det ut som hoggormen er roleg, men den var overraskande hissig til å vera «nyvakna».

Kva gjer ein om dyr blir bitt?

  • Kontakt veterinær. Alle hoggormbitt bør undersøkast, då det er vanskeleg å føreseia kor alvorleg resultatet av bittet kan bli.
  • Hald dyret mest mogeleg i ro for å hindra rask spreiing av gifta i blodet. Små hundar/kattar bør berast.
  • Ikkje klem, skjær, sug ut gift eller legg bandasje på, og hald dyret under oppsyn i minst 12-24 timar.

Symptom hos dyr

  • Smertefull opphovning (ofte i snute eller bein) som oppstår raskt.
  • Dårleg allmenntilstand: Dyret blir slapt, tøytt og viser teikn på smerte.
  • Alvorlege teikn: Oppkast, diaré, pustebesvær eller kollaps.

Kjelder: Helsenorge og Emnet

Powered by Labrador CMS