nyhende

Jostain Austvik og resten av bandet Trollfest var nærme, men røyk ut av MGP laurdag kveld. SKJERMDUMP: NRK
Jostain Austvik og resten av bandet Trollfest var nærme, men røyk ut av MGP laurdag kveld. SKJERMDUMP: NRK

MGP-eventyret over for Trollfest

Jostein Austvik frå Sveio og resten av Trollfest-gjengen er ute av MGP.

Publisert Sist oppdatert

Bandet hans Trollfest og låta «Dance Like A Pink Flamingo» fekk ein siste sjanse til å nå MGP-finalen laurdag kveld, men måtte sjå seg slått av Maria Mohn og låta «Fly» i den siste av to røystingar.

Dermed er MGP-eventyret over for denne gangen for dei rosa flamingoane.

I den to-delte sistesjansen fekk alle dei 12 som ikkje hadde gått vidare frå dei fire delfinalene ein siste mogelegheit til å kjempe om det siste av 10 gullpass som sikra plass i MGP-finalen som blir sendt direkte på NRK 1 neste laurdag.

Vinnaren av den norske finalen skal vidare til den internasjonale finalen i Torino i Italia i mai.

Powered by Labrador CMS