nyhende
Mange bryt lova med feriebilda
Under halvparten av oss spør om lov før vi deler bilde eller videoar av vennar, familie eller framande på sosiale medium, viser ny undersøking.
Det er ulovleg å dele bilde som andre er med på, viss dei ikkje gir deg lov. For å kunne dele eit bilde andre er med på, må du ha samtykke frå dei, før du deler. Likevel er opplyser berre 46 prosent av dei mellom 18–29 år at dei alltid spør om lov først. 29 prosent oppgir at dei spør nokre gonger.
– Lett å gjere feil
– Det er lett å trakke i salaten utan å meine det. Du kan kose deg på festival og ta ein selfie med vennane dine, du kan vere på stranda og slappe av med bestevenninna, vere på ein koseleg «date» eller ha invitert vennegjengen på besøk for å sjå på OL. Få sekund etter kan bildet liggje ute på nettet, og du kan har brote lova, seier seniorrådgjevar i Frende forsikring, Marius Solberg Anfinsen.
Han opplyser om at ein for det første ikkje skal dele bilde av nokon som ikkje vil, men også at bilda kan bli brukt i svindel.
Tal frå NorSIS viser at rundt 150.000 nordmenn opplever ID-tjuveri i løpet av ei toårsperiode. Ein stor andel av desse har fått identiteten sin stolen og misbrukt på sosiale medium.
– Ver bevisst
– Du bør alltid ha ei bevisst forhold til kva du deler og kven som kan sjå bilda dine. Bilde kan bli brukt mot deg, og det er lett å stele frå opne profilar eller hacke seg inn på kontoar, seier Tina Jerstad i Tenerity, eit selskap som hjelper folk som har blitt ramma av ID-tjuveri.
Bilde som ligg på internett kan svindlarar mellom anna bruke til utpressing eller til falske profilar på sosiale medium for å lure andre. Bilde av barn kan bli misbrukt til mobbing og uthenging på nettet.
Tips og råd om bildedeling
* Har nokon lagt ut bilde av deg som du vil ha fjerna? Kontakt personen som har lagt ut bildet og be om å få det fjerna. Seier vedkommande nei, fortel at det er eit lovbrot. Skjer det framleis ingenting, kontakt forsikringsselskapet ditt. Viss selskapet dekker nettmisbruk, vil dei ta saka vidare.
* Skal du dele bilde av andre sine barn må du få samtykke av ein av foreldra.
* Gjeld det bilde av ditt eige barn, skal barnets eiga meining vektleggjast frå 7-års alder. Er barnet over 15 år, kan barnet sjølv avgjere om eit bilde kan publiserast.