nyhende
Lovar å inkludere eldre i nytt digitalt prosjekt
Ei ny digital lommebok skal gi enklare, raskare og tryggare digitale tenester, ifølgje Digitaliseringsdirektoratet. Fleire trur nyvinninga vil auke det digitale utanforskapet mange eldre kjenner på.
– Innføringa av digital lommebok skal sikre at heile befolkninga har tilgang til elektronisk identitet på høgt sikkerheitsnivå, som BankID er eit døme på. Vi trur mange eldre i dag står utan tilgang til elektronisk ID, og dermed slit med å ta i bruk tenester som dei har rett på, seier direktør Kai Spurkland i Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) til Nynorsk pressekontor.
Han meiner dei tekniske løysingane i lita grad er tilrettelagde for eldre.
– Det er heller ikkje mogleg å ta imot hjelp frå andre til bruk av BankID, og det manglar gode fullmaktsløysingar for digital representasjon, seier han.
Universell utforming
I slutten av januar sende Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) ut ei pressemelding der det blei presentert at Noreg innan 2030 skal tilby ei gratis digital identitetslommebok på smarttelefon. Lommeboka skal kunne lagre personlege bevis, for eksempel førarkort, HMS-kort, finansieringsbevis, medlemsbevis og billettar. Tenesta skal fungere på tvers av landegrenser.
– Lommeboka skal vere enkel å bruke for alle grupper i samfunnet – uavhengig av alder, digital kompetanse eller funksjonsevne. Ordninga krev at løysingane skal byggjast etter prinsippet om universell utforming, og at brukargrensesnittet skal vere intuitivt og tilgjengeleg for alle, opplyser kommunikasjonsrådgivar Are Kvistad i Digdir til Nynorsk pressekontor.
NIM-direktør Spurkeland meiner det framleis er mykje som verkar uklart med den nye lommeboka
– Innføringa vil kunne bidra til at fleire får tilgang til digitale offentlege tenester, også eldre. Samtidig veit vi ikkje korleis lommeboka vil bli utforma, og kva for grep som eventuelt vil bli tatt for at løysinga skal vere enkel å bruke for eldre, seier han.
Tidleg fase
Are Kvistad i Digdir fortel at prosjektet er i ein tidleg fase, og at det difor framleis er ein del arbeid som står att. Han er likevel klar på at dei vil legge opp til tett samarbeid med brukargrupper, interesseorganisasjonar og offentlege etatar for å teste og tilpasse løysinga.
– Det skal vere mogleg å få hjelp både digitalt og fysisk, slik at ingen blir ståande utanfor. Erfaringar frå andre land viser at dersom løysinga er enkel, sikker og gir tydeleg nytte, vil fleire – også eldre – ta ho i bruk, seier han.
Utanforskap
Heidi Gautun ved velferdsforskingsinstituttet NOVA har forska på eldre og digitalt utanforskap. På generelt grunnlag er ho uroa for at styresmaktene ikkje tenkjer inkludering i utviklingsfasen av nye digitale produkt.
– Ein set i gang før ein veit om ting fungerer ordentleg. I etterkant blir det tilbydd veldig mykje kursing i regi av offentlege og frivillige organisasjonar. Men det er altså kompetanseheving – skal vi verkeleg heile tida påleggje eldre å lære seg nye ting for å kunne vere fullverdige samfunnsborgarar, spør ho retorisk.
Gjennom forskinga si har ho spurt personar mellom 45 og 67 år kor mykje hjelp foreldra deira er avhengige av for å navigere det digitale landskapet. Tala viser at svært mange treng hjelp i varierande grad.
– Samstundes ser vi at dei analoge alternativa forsvinn gradvis. Eit døme er telefonkatalogen. Viss ein skal ringe nokon ein ikkje kjenner nummeret til er ein avhengig av å finne det på internett. Digitaliseringa må ikkje gå på kostnad av analoge alternativ. Det vil berre auke utanforskapen, seier Gautun.
Lovar alternativ
Kvistad i Digdir lovar at den digitale lommeboka ikkje skal erstatte analoge alternativ.
– Den digitale lommeboka skal vere eit frivillig tilbod, og ikkje den einaste måten å identifisere seg digitalt på. Målet er ikkje å erstatte analoge løysingar heilt, men å tilby eit nytt, sikkert og brukarvennleg alternativ som skal auke deltakinga i digitale tenester – ikkje redusere ho. Med andre ord skal arbeidet med den digitale lommeboka bidra til større inkludering, ikkje meir utanforskap, seier han.