nyhende
Ordføraren svarte på brevet frå barna i Førde barnehage:
Lova vegger i grillhytte og ny sandkasse
Grillhytta ved Førde barnehage skal snart få vegger, slik at ho kan brukast meir sjølv i surt vestlandsver. Ny sandkasse skal også vera på plass innan ein månads tid, og barna skal sjølve få vera med å sanka stein til ein ny grillplass. Men klatretreet må dei venta på tilgang til.
Dette kunne ordførar Linn Therese Erve fortelja då ho og kommunalsjef Elisabeth Nygård besøkte førskulegruppa i barnehagen og åt frukost saman med dei onsdag føremiddag.
Besøket kom i stand som svar på det brevet barna i førskulegruppa sende til ordføraren og til rådmann Jostein Førre for nokre vekar sidan.
Det er det lokale firmaet Lek og park som skal levera og montera sandkassen på 5 x 5 meter på toppen av akebakken. Dette skal seinast gjerast i veke 11.
Grillhytta skal få vegger på tre sider og få veggrus på «golvet».
Må venta på grunnboringar
I brevet spurde barna når den avstengde delen av uteområdet kan opnast igjen, slik at dei kan få tilgang til sklie og klatretre, og kanskje også få ei ny leikehytte og ein båt i staden for dei som blei fjerna i fjor haust.
Årsaka til at området blei stengt, var store mengder overvatn som gjorde grunnen utrygg. Dette forklarte ordføraren for barna. Ho fortalte samstundes at det må gjennomførast grunnundersøkingar før kommunen kan avgjera kva som må gjerast for å bli kvitt overflatevatnet. Desse grunnundersøkingane blir ikkje gjennomførte før etter påske, og ordføraren kunne ikkje lova at området blir opna igjen før barna i førskulegruppa har forlate barnehagen og byrja på skulen.
— Men ved å skriva brevet til kommunen har de gjort ein kjempegod ting for dei barna som er yngre enn dykk og framleis skal gå i barnehagen her, sa ordføraren.
Ho inviterte også seg sjølv og kommunalsjefen tilbake på grillfest når den nye grillplassen er klar. Og det skal skje før sommarferien, lova Erve.
Til Vestavind seier Erve at kommunen gar vedt seg til selskap som SWECO, Multiconsult og Norconsult med spørsmål om å føreta grunnboring i det avstengde området i barnehagen. Her er ventetida lang og arbeidet kan tidlegast koma i gang etter påske, seier ordføraren.
Når resultatet av grunnboringane ligg føre, vil arbeidet med å utbetra området bli sett ut på anbod. Anbydarane vil då bli bedne om forslag til løysingar og prisar på desse.
Og sidan det er dyrt å få riggar for grunnboring og geolog på plass, vil kommunen samstundes gjera ein del andre grunnundersøkingar i Førde. Det gjeld ein del av strandlina ved kaien, ei tomt kommunen eig i sentrum og traseen for vegen til Solheimslio langs E 39.
Glad barna blei tatt på alvor
Etter frukosten inne fekk ordføraren og kommunalsjefen omvisning på barnehagen sitt uteområde, inkludert den avstengte delen med klatretreet som fleire av barna gav uttrykk for at dei saknar.
— Eg trur barna er nøgde med svara dei har fått. Som tilsett er eg glad for at ordføraren og kommunalsjefen tok barna på alvor og kom hit og svarte på brevet. Det var viktig. Og så skjønar sjølvsagt me vaksne at det tar tid før alt arbeidet er gjort, seier barnehagelærar og ansvarleg for føreskulegruppa, Kjersti Eldholm.