nyhende

Lindøyvegen: snudde på lovnad om utbetring

For over eit år sidan varsla naboar i Lindøyvegen om høge asfaltkantar og dårleg utført arbeid. Kommunen lova at det skulle fiksast i mai, men ombestemte seg etter ny vurdering. – Me må prioritera andre kommunale vegar, seier einingsleiar.

Publisert Sist oppdatert

Bebuarane i Lindøyvegen har hatt ei todelt kjensle om vegen deira. Dei var glad for ny asfalt og utbetring, men resultatet skapte nye problem.

Veldig høge asfaltkantar og trongare møteplassar gjorde det ekstra naudsynt å følgja godt med når ein nytta vegen. Og så var det dei strekka som ikkje vart utbetra og som stadig fekk nye hol.

Vart lova utbetring

Per Kjell Torvastad tok Vestavind med på inspeksjon tidlegare i haust. Året før hadde han vore i kontakt med kommunen om dei høge asfaltkantane, og skreiv mellom anna følgjande i ein e-post:

– No er det enda høgare bratte kantar rundt møteplassane langs den nyasfalterte Lindøyvegen. Kjem ein vanleg personbil utanfor kanten med eit hjul vert den hengjande på hjuloppheng eller understell.

og

– På ein av møteplassane er det ikkje lagt asfalt ut på den siste halvmeteren av grusflata frå før asfalteringa!

Då fekk han følgjande svar frå eininga:

– Ja, me har også registrert det og er samd i at asfaltkantane på møteplassane vart høge etter asfaltering. Me skal ordne dette. Vår asfaltleverandør seier at han kan vera på plassen 3 . mai og ordne dette.

Ny vurdering endra saka

I svaret står det også at vidare asfaltering må venta til eit anna år då det ikkje er midlar til fullstendig asfaltering. Kommunen lova også å lappa fleire hol i den eldre delen av vegen, noko dei gjorde.

Vestavind har teke kontakt med einingsleiar for drift og anlegg i Sveio kommune, Frederik Aalo Flood, for å høyra kvifor asfaltkantane ikkje vart utbetra. Han stadfestar at det var lova at dei høge asfaltkantane skulle utbetrast, men fortel at dei har gjort ei ny vurdering.

– Me har sett litt nærare på det og vurderer det nok no slik at denne vegen er bra. Kantane er litt høge, men det er greie møteplassar. Dei som køyrer her må tilpassa farten og nytta møteplassane, skriv Flood i ein e-post.

Kritisk til entreprenør

Han er samd i at kantane er litt høge, og fortel at dei har vurdert å fylla på med grus langs nokre strekk av kantane, men at det korkje er tid eller pengar til oppgåva.

– No må me prioritera andre kommunale vegar, avsluttar Flood.

Torvastad er oppgjeven over det heile, og retter kritikk mot entreprenøren som har utført arbeidet.

– Det er dei høge kantane på møteplassane som eg meiner entreprenør har øydelagt ved å legga asfalt ut, og ikkje berre skrådd kanten til møteplassen, skriv han.

Han er heller ikkje samd i vurderinga til kommunen om møteplassane.

– Det manglar 60-70 centimeter på breidda. Det er ein del store køyretøy som brukar vegane, og slik det er no kan ikkje fleire av møteplassane brukast ved møte av til dømes buss. Då kjem me ikkje langt nok ut på møteplassane. Tre av åtte møteplassar er greie, skriv Torvastad.

Powered by Labrador CMS