nyhende
Leverer toppresultat år etter år
Espira Solkroken får høgaste foreldrescore i Sveio, og styrar Ruth Vihovde peikar på stabilt personale og tett foreldrekontakt som nøkkelen til suksessen.
Med ein samla tilfredsheitsscore på 4,9 er Espira Solkroken barnehage igjen best i Sveio i årets foreldreundersøking.
– Det skaper stoltheit. Stoltheit over arbeidsplassen, seier styrar Ruth Vihovde.
Foreldreundersøkinga er utarbeidd av Utdanningsdirektoratet og har faste spørsmål som er like for barnehagar i heile landet. Foreldra gir karakter frå 1 til 5 på mellom anna miljø, relasjonar, bemanningstettleik, barnet sin trivsel, informasjon og kor nøgde dei samla sett er.
– Bunnsolid personale
Vihovde er ikkje i tvil om kvifor Solkroken år etter år gjer det sterkt.
– Det er det bunnsolide personalet me har. Me har ein høg del barnehagelærarar og tilsette som har vore her over tid. Det gir tryggleik og stabilitet. Eg har heller aldri opplevd å vera på ein arbeidsplass som har eit så godt arbeidsmiljø som me har her, seier ho.
Ho meiner det gode klimaet i personalgruppa smittar over på barna – og vidare på foreldra.
– Kva med sjølve bygget då?
– Det er jo kult her, seier ho og inviterer på omvisning.
Ingenting er tilfeldig
I andre etasje, der dei minste held til, står leiker og utstillingar framme i romma. Vihovde fortel at det ligg ein tanke bak mykje av det som er gjort, og at dei jobbar med å stimulera sansane og skapa inntrykk hos dei minste.
– Det kan vera mykje lyd her også, men me har fokus på at dei vaksne får tid til å vera til stades med barna, gjerne i mindre grupper, seier ho, når ho får spørsmål om det er «lite skrik og skrål».
Når praten kjem inn på undersøkinga igjen, er Vihovde tydeleg på at den blir brukt i praksis.
– Undersøkinga er viktig for å følga opp viss det er noko som ikkje er bra nok. Det gir oss ein peikepinn på kvar me må setta inn innsats, seier ho.
Eitt av områda ho er særleg nøgd med i år, er «informasjon til foreldra». Solkroken har auka frå 4,4 i 2025 til 4,7 i årets undersøking.
– Det som er veldig gledeleg, er at me skårar ganske høgt på informasjon. Det har me hatt som ei satsing over tid, seier Vihovde.
Ho meiner noko av forklaringa er at foreldra ønskjer meir konkrete oppdateringar om eige barn.
– Foreldra ønskjer ofte heilt konkret å vita korleis dagen har vore for akkurat deira barn. Det opplever eg at me byrjar å treffa betre på no, seier ho.
Vihovde administrerer sjølv utsendinga av undersøkinga og følger svarprosenten. Ho prøver også å fordela utsendinga jamt mellom mødre og fedre, og oppmodar gjerne foreldra til å svara saman.
– Eg masar jo litt. Kanskje tre-ire gonger. I tillegg kan ein senda ut purringar frå systemet, seier ho med eit smil.
Ved Solkroken svara 82,5 prosent av foreldra i årets undersøking.
Bemanning trekkjer ned
Bemanning er eit tema mange barnehagar får lågare score på, og Vihovde meiner det også handlar om eit politisk signal.
– På landsbasis ser me at foreldre gjerne gir lågare score på bemanning enn på dei andre spørsmåla. Det kan henga saman med at foreldre blir oppmoda til å setta lågare score for å løfta fram behovet for betre bemanning, seier ho.
Solkroken skåra 4,1 på bemanning, som er barnehagen sin lågaste skår. I Førde barnehage slår dette særleg ut med 2,3, medan dei andre barnehagane i Sveio ligg på 3-talet på dette området.
Tett oppfølging frå start
Barnehagen jobbar også medvite med foreldrekontakten frå oppstart, mellom anna gjennom «foreldreaktiv tilvenning».
– Då blir foreldra godt kjende med oss frå første stund. Dei er mykje til stades i den første perioden og får oppleva korleis me har det i barnehagen, seier Vihovde.
Når Vestavind er på besøk, er ein far i barnehagen nettopp som del av ei slik tilvenning. Han ønsker ikkje å stå fram med namn og bilete, men seier familien har fått eit godt inntrykk – og at valet vart enkelt då dei fekk tilbod om plass.
På spørsmål om kva som betyr mest for å halda nivået oppe, svarar Vihovde utan å nøla:
– Det er personalet. Dei er utruleg fine folk.