nyhende
Latter, leselyst og popcorn
Barneboka om «Kakle kalkun» og «Sauen Lillebæ» vart levandegjort av Elise de Winter og Anita Ramsdal, som trollbatt dei unge publikummarane med både innleving og humor. Føremiddagen i Valenheim baud også på popcornverkstad.
Inne i den stemningsfulle Valenheimen var det laurdag føremiddag godt og varmt denne regnfulle dagen. Barn i alderen tre til sju år hadde funne vegen hit til Bok og bolle som ein del av Kulturveka 2025.
Latteren sat laust
Sveio folkebibliotek lukkast med å skape ei leseoppleving med meir enn berre høgtlesing. Gjennom dramatisering fekk barna møte Kakle kalkun og sauen Lille Bæ, og latteren sat laust då kalkunen gjekk på sin eigen spøk.
Boka handlar om Kakle Kalkun som prøver å lure sauen til å drikke bukken si sjølvproduserte «gule saft», etter å ha blitt narra til å ete kukake.
– Kan eg verkeleg stole på Kakle Kalkun når han seier at denne safta er god? Eg synest ho ser ut som tiss, utfordra Anita Ramsdal dei små, som følgde spent med då ho løfta glaset for å smake.
– Det er berre appelsinsaft! kom det frå borna, før det blei høg latter då kalkunen sjølv blei lurt til å smake på safta si.
Popcornverkstad
Etter boklesing og dramatisering venta popcornverkstad, der barna fekk lage eigne popcornsauar. Her var det også rom for å prøvesmake litt undervegs.
– Min sau skal heitte Sauen Shaun fortalte Sigrid Larsen Vihovde (7) medan venninna Sigrid Larsen Vihovde lo samtykkjande til at det var eit passande namn.
Blant publikum var også Anna Fagerland Tverfjell (6), saman med mor Camilla og mormor Gunnhild som hadde teke turen frå Auklandhamn. Dei sette pris på det koselege arrangementet og syntes det var ei fin anledning til også å besøkje Valenheimen.
Framtidig leselyst
Arrangementet var ein del av kulturveka i Sveio, som i år vart arrangert for andre gong. Kulturveka er eit samarbeid mellom Sveio folkebibliotek, kulturskulen og Valenheimen kulturscene, og skal fremje lokalt kulturliv og felles møteplasser på tvers av alder og interesser.
Bok og bolle- arrangementet retta seg særleg mot dei yngste, og la vekt på litteraturglede og fellesskap.
– Det er veldig fint å legge til rette for arrangement som er med å invitere dei yngste inn i litteraturen og som slik kan byggje framtidig leselyst, seier biblioteksjef Kristine Thorkildsen.
Kulturveke med stor breidde
Ho er godt nøgd med gjennomføringa av årets program som har vist breidde og engasjement.
– Me har hatt ei kulturveke med stor spennvidde. Mellom andre Eli Strand som delte frå boka si som handla om det å leve med kreft. Det var ei sterk og rørande oppleving. Otto Inge Molvær fortalte om kajakkturane sine langs heile norskekysten. Noko som trekte eit nytt publikum, med litt fleire menn enn vanleg. Alt i alt har me hatt ei verkeleg flott kulturveke og fleire av formidlarane håper me å invitere att, seier Thorkildsen.
Bok og bolle var eitt av dei siste arrangementa før Kulturveka vart avslutta med jazzkonsert i Valenheimen laurdag ettermiddag. Thorkildsen meiner at bruk av Valenheimen som arena gir arrangementa ein ekstra dimensjon.