nyhende
Køyrde 55 km/t for fort i 80-sone
Laurdag kveld hadde fleire bilar frå Utrykkingspolitiet kontrollar i Sveio.
Kontrollane pågjekk mellom klokka 18.00 og 22.00. 11 førar fekk forelegg for for høg fart. I tillegg blei det gjort eit førerkortbeslag.
– Den som køyrde aller fortast blei målt til 135 km/t i 80-sona på det utbetra vegstrekket på E39 mellom Rød og Hanaleite, seier vaktsjef Jørgen Storetvedt ved Haugesund politistasjon.
Føraren, ein mann i 20-åra, mista førarkortet på staden og blir i tillegg bli anmeldt.
Bøtesatsar for fart 2026
Annonse
Fartsgrense 70 km/t eller meir:
- til og med 5 km/t for fort: 1.250 kr
- til og med 10 km/t for fort: 3.350 kr
- til og med 15 km/t for fort: 5.350 kr
- til og med 20 km/t for fort: 7.450 kr
- til og med 25 km/t for fort: 10.100 kr
- til og med 30 km/t for fort: 13.450 kr
- til og med 35 km/t for fort: 16.050 kr.