nyhende

Ordførar i Sveio, Linn Therese Erve.
Ordførar i Sveio, Linn Therese Erve.

– Kjære sveibu!

Publisert Sist oppdatert

Som største del av 2020, har starten på dette året vore prega av covid-19 og smittevern. Me er godt i gong med vaksineringen i Sveio, og med den vidare utrullinga av vaksinen har eg håp for at me kan ha ein meir normal kvardag om ikkje lang tid.

Sjølv om covid-19 og smittevern pregar kvardagen og arbeidsdagen, er det sjølvsagt mykje anna arbeid som blir gjort i kommunen. Rådmannen er til dømes godt i gong med å utarbeide eigarstrategi for Ryvarden Kulturfyr KF. Atheno har fått i oppdrag å gjere dette arbeidet, der kommunestyret har vedteke at Sveio kommune vil vere ein framoverlent eigar, og bedt rådmannen søke ein eigarstrategi som styrer mot ei driftsform som gjer Ryvarden kulturfyr KF uavhengig av årlige driftstilskot frå kommunen.

Eg registrerer at det er eit stort engasjement rundt skulebruksplanen og skulestruktur. I april 2020 vedtok eit samrøystes kommunestyret mandat til bestilling av ei ekstern rapport om skulestruktur. Alle partia i kommunestyret har derfor stilt seg bak dette mandatet. No har me fått rapporten, og rådmannen held på med å utarbeide saka.

Alle innspel er like viktige. Eg har blitt kontakta av både dei som kjempar for skulen sin og dei som argumenterer for at skulen bør leggast ned. Det vil alltid vere fleire syn på ei sak. Det er svært viktig at me vernar om lokaldemokratiet og lar alle seie si meining, og at me respekterer kvarandre sitt syn på saka. Eg ønsker velkommen ein nyansert, brei og konstruktiv debatt. Det er slik me folkevalde får eit så godt grunnlag for å ta ei avgjerd som mogleg, der alle sider av saka er kome fram. Eg er trygg på at politikarane lyttar til alle innspel, og at kommunestyret landar på eit vedtak som er til det beste for Sveio no, i framtida og for alle elevane i Sveioskulen.

Gratulera til alle sveibuar med Dagsturhytta i Sveio. Nipaståvo er alle si hytte, og eg håpar den blir mykje brukt. Arbeidet med å ferdigstille hytta er godt i gong, og mange arbeidstimar er alt lagt ned. Tusen takk for all dugnadsarbeid som er gjort. No er det platting rundt hytta som blir bygd. Har du lyst å gjere dugnad på Nipaståvo er du hjarteleg velkommen til det. Følg Nipaståvo på Facebook.

Ei sak som skal opp til politisk handsaming no er oversikt og eventuelt sal av kommunale eigedomar. I budsjettet har kommunestyret bedt om ei oversikt over alle eigedomar kommunen eig, samt at eigedomar utan nytteverdi for Sveio kommune skal seljast. No har rådmannen lagt fram saka, der han kjem med si faglege tilråding. Han rår til at fleire eigedomar blir seld, blant anna grendahus som gamle Lid skule, gamle Ørevik skule og gamle Bua skule. Det er rådmannen sin jobb og kome me si faglege tilråding. Når rådmannen har gjort si faglege vurdering, er det opp til oss politikarar og gjere opp vår meining, der me har saksutgreiinga og faglege råd som grunnlag.

Det er slik sakshandsaming er og skal vere. Eg som ordførar blandar meg ikkje inn i administrasjonen si sakshandsaming. Rådmannen skal vurdere saka frå eit administrativt syn før politikarane, og eg som ordførar, skal handsama den. Eg har ikkje lest saker før innkalling til politiske møter er sendt. I denne konkrete saka er eg klar på at eg ikkje vil selje grendahus det er aktivitet rundt. Desse husa har stor verdi for bygdene, for bygdeutvikling og derfor stor nytteverdi for Sveio kommune.

Eg heiar på HEILE Sveio, på alle bygdene og på sentrum. Me treng alt Sveio har å tilby. Det er ingen motsettingar her. Saman er Sveio den beste kommunen å bu i, om du bur i til dømes Valestrand, Førde, Vikse, Sveio sentrum eller Auklandshamn. Me vil legge til rette for gode lokalsamfunn i heile Sveio. Saman er me sterke og får til det me vil, ikkje stykkevis og delt.

Eg håpar alle får nyte Sveio i sin vakre vinterdrakt. Den vakre naturen me har kan og opplevast på ski. No er det til og med tråkka skiløype rundt golfbanen, i lysløypa. Eit strålande eksempel på godt samarbeid mellom kommunen og Sveio Golfpark.

Grip dagen!

Linn Therese Erve
Ordførar

Powered by Labrador CMS