nyhende
Kassadama som kan bli Noregs hyggelegaste
Ho blei overraska då ho fekk vita om nominasjonen. No er Reidun Karin Reinertsen ved Extra Sveio finalist i jakta på tittelen Noregs hyggelegaste kassemedarbeidar.
– Eg blei litt paff. Eg hadde ikkje tenkt på det sjølv, men eg set veldig pris på å bli sett pris på av kundane våre, seier Reinertsen.
Ho er nemleg blant finalistane i vekebladet Hjemmet si kåring av Noregs hyggelegaste kassemedarbeidar. Kven som ender opp med å gå heilt til topps får me svar på seinare i mars, og i mellomtida ventar hovudpersonen spent.
– Eg håper jo at folk kjem til å stemma på meg. Det hadde vore veldig kjekt dersom dei har lyst til det, held Reinertsen fram.
Med sine seks år i Extra Sveio er ho godt kjend med kundane som kan stemma henne fram.
– Eg kjenner igjen mange av dei faste kundane. Eg kan ikkje namna på alle, men eg har blitt betre på det også, seier ho med eit smil om munnen.
– Kva er det du gjer for å spreia så mykje positivitet til kundane?
– Eg har ein filosofi: Når eg går på jobb, skal eg alltid møta kundane mine slik eg sjølv ønsker å bli møtt, fortel ho.
– Ho har det vesle ekstra
I butikken er det fleire som heiar på kollegaen sin, og som allereie har vore inne og stemt.
– Ja, seier kollegaene Margrethe Johannessen, Reidun Ness og Rebekka Lye i kor på spørsmål om Reinertsen fekk deira stemme.
Ness meiner det er lett å forstå kvifor Reinertsen blir lagt merke til.
– Ho er veldig flink med kundane. Ho kjenner igjen folk, er smilande og positiv, og ho ser ofte kva dei treng før dei rekk å spørja sjølve, seier ho.
– Ho ønskjer alltid alle ein god dag, legg Johannesen til.
Butikksjefen Lye trur Reinertsen har gode sjansar i kåringa.
– Eg trur ho er den av oss som verkeleg kan dra det i land. Me har fleire flinke folk her, men ho har det vesle ekstra, seier Lye, som håpar Reinersten får den hyllesten ho fortener.
– Ho held på det same gode humøret og den same servicen, også når det er travelt. Det er liksom standarden hennar, avsluttar butikksjefen.