nyhende

Norsk landbruk er prega av stadig færre gardar og ei aldrande bondegruppe. Samstundes blir gardsbruka som er att, større og meir intensivt drivne. Resultatet er auka importavhengigheit, mellom anna fordi talet på drøvtyggjarar som kan utnytte grasareala, går ned.

Hitech på beite: – Noreg ligg langt føre andre land på teknologibruk hjå bønder

Allereie i dag samlar virtuelle gjerde og fjernmåling inn ei mengd data på norske gardar. No skal eit nytt forskingsprosjekt hjå NIBIO undersøkje korleis denne informasjonen kan hjelpe til med å optimalisere beitebruken.

Publisert

Det nye forskingsprosjektet TechGraze skal teste korleis virtuelle gjerde og fjernmåling med dronar kan gi betre utnytting av norske beiteområde. Målet er å styrkje både mattryggleik, dyrevelferd og biologisk mangfald.

– Vi ønskjer å finne ut om informasjonen som allereie blir samla inn, kan kombinerast på ein måte som er både praktisk og meiningsfull for bonden. Då kan dataa hjelpe til med å utnytte beita betre, samstundes som det blir teke omsyn til både dyr og natur, seier forskar og prosjektleiar Shelemia Nyamuryekung’e i ei pressemelding.

Beitemønster og dyrevelferd

Nyamuryekung’e forklarer at dei virtuelle gjerda kan sørgje for at dyra bruker heile grasarealet, samstundes som GPS- og rørsledata frå klavane gir innsikt i beitemønster og dyrevelferd.

– Fjernmåling kan på si side seie noko om fôrkvalitet og overvake beitetrykket i området. Når vi set desse datakjeldene saman, kan bonden bruke grasareala meir effektivt og få varsel når beitetrykket nærmar seg grenseverdiane, slik at dyra raskt kan flyttast til eit nytt område. Og alt dette kan gjerast med nokre få tastetrykk på telefonen, legg han til.

– Teknologien finst allereie

Med seg på laget har prosjektleiaren fleire NIBIO-forskarar, i tillegg til internasjonale forskarar frå Scotland’s Rural College, Universitetet i Milano og Universitetet i Aveiro, Portugal. Forskarane vonar å starte opp allereie til sommaren. Då er planen å teste virtuelle gjerde og fjernmåling på sauer hjå NIBIO Tjøtta, og på kyr hjå fagsenteret til Felleskjøpet på Klepp.

– Teknologien for å samle inn dataa finst allereie. No er jobben vår å gjere dataa om til konkrete råd for betre beitebruk, både for menneske, dyr og miljø. Målet er at kombinasjonen av virtuelle gjerde og fjernmåling blir vidareutvikla, blir testa og etter kvart også teke i bruk i andre land, avsluttar Nyamuryekung’e.

Når beiting stansar, blir artsmangfaldet redusert i trua naturtypar og stadig større delar av kulturlandskapet gror igjen. Nedgangen i ku- og sauehald svekkjer også både økonomien og busetjinga i distrikta. Desse utfordringane skal det nye NIBIO-prosjektet TechGraze ta tak i.
Powered by Labrador CMS