nyhende

Andreas Bernhardsen kjøpte i februar bustaden i Tingvegen 14 i Førde. No har han fått støtte til å starta restaureringa av bygget frå 1800-talet.

Får støtte til å berga gammalt våningshus i Førde

Køyrande langs E39 i Førde fekk Andreas Bernhardsen auga på eit hus som låg ute til sals. Det vekte interessa hans, og litt over ein månad etter at kjøpet var i boks, tikka det inn ei positiv melding.

Publisert

– Eg køyrde forbi på veg til Haugesund og såg at eigedommen stod til sals. Eg jobbar jo sjølv med bygg, og synest det var eit fint bygg, seier Bernhardsen, som bur i Sagvåg på Stord.

Huset vart kjøpt i februar og er frå første halvdel av 1800-talet. Det har eit bruksareal på 185 kvadratmeter, og Bernhardsen fortel at han raskt forstod at det var snakk om eit bygg med stor lokal verdi.

– Etter at eg hadde vore i kontakt med kommunen, fekk eg tilbakemelding om at dette var eit veldig viktig bygg lokalt. I salgsoppgåva vart det også skildra som eit hus som låg «i hjartet av Førde», og eg fekk inntrykk av at det kunne vera gode moglegheiter for å søka støtte gjennom Kulturminnefondet, seier Bernhardsen.

Store kostnader

Grunnmuren er det mest akutte problemet ved huset i Tingvegen 14. Skadane har ført til setningsskadar i bygget.

No har han fått innvilga 170.000 kroner i støtte frå Kulturminnefondet. For Bernhardsen er det eit kjærkome bidrag, men han understrekar at det berre er ein start.

– Ola Nordmann vil nok tenka at dette er ei gigantisk støtte, og det er jo mykje pengar. Men sett opp mot det arbeidet som skal gjerast, er det relativt små summar, seier han.

Det mest akutte problemet er grunnmuren, og det er også her støtta skal brukast. Etter eit tidlegare forsøk på å senka kjellaren byrja delar av muren å svikta, noko som førte til setningsskadar i huset.

Kor dyrt prosjektet til slutt blir, er det for tidleg å seia, meiner Bernhardsen, men han reknar med at det vil bli dyrt.

– Dette er eit veldig gammalt bygg, og mykje må gjerast på tradisjonelle måtar. Då spring kostnadane fort. Hadde eg hatt tre millionar på bok, hadde eg nok klart å bruka opp det òg i det prosjektet, seier han.

Besøk frå Sotra

Førebels ser han på restaureringa som eit fritidsprosjekt, utan nokon klar tidsramme for når huset skal stå ferdig.

– Eg har ikkje så veldig mange konkrete planar enno. Men eg har familie mot Sotra som kjem på besøk innimellom, og håpar å få huset i såpass stand at vener og familie kan bruka det når dei er her, seier han.

Skadane i grunnmuren har òg sett spor inne i huset. Her syner me setningsskadane i golvet.
Powered by Labrador CMS