nyhende
– Eg synest det er kjekt å jobba i butikk
Denne våren har Vestavind Dani Lukas Grunnevåg i arbeidspraksis. Han skal prøva seg på forskjellig, og vil mellom anna halda fram spalta «I arbeidspraksis». Her får du møta andre 8. klassingar som er ute i jobb ein dag i veka.
– Kvar jobbar du?
– Eg jobbar på Kiwi i Sveio.
– Kvifor valde du denne jobben?
– Eg veit eigentleg ikkje, men eg synest det er kjekt å jobba i butikk.
– Kva er arbeidsoppgåvene dine?
– Eg plasserer brus og varer i hyllene.
– Kva likar du best med jobben?
– Eg veit ikkje heilt, men det er litt gøy å plassera ting.
Annonse
– Er det noko du synest har vore utfordrande?
– Nei, eg trur ikkje det.
– Synest du jobben passar for deg? Kvifor/kvifor ikkje?
– Ja, det synest eg. Men eg trur eg ønsker å jobba ein plass som er litt meir sentralt.