nyhende

Heidi Halvorsen fortel med humor og djupt alvor om nokre av dei vanskelegaste augneblinkane i livet. Med seg har ho ektemannen Torkjell, som står for musikken.

Å sjå verda med blinde auge

Synshemma Heidi Halvorsen har skrive to bestselgande dikstamlingar bygde på eigne erfaringar. Laurdag kjem ho til Valestrand kulturkyrkje med ei unik forestilling.

Publisert

Heidi fortel med humor og djupt alvor om nokre av dei vanskelegaste augneblinkane i livet. Med seg har ho ektemannen Torkjell, som står for musikken.

Gjennom forteljing, musikk og dikt tek Heidi publikum med inn i si verd. Ein får vera med på reisa hennar frå lys til mørke. Med Heidi som vegvisar får ein eit innblikk i det som finst der – både gleder og sorger. Du får også høyra om kva eit synstap kan gjera med livet og trua til eit menneske.

– «Med mine øyne» handlar om korleis eg som blind ser og opplever verda gjennom mine auge, seier Heidi Halvorsen. Framsyninga er utvikla i samarbeid med Helga Samset.

Forestillinga er gratis, men det blir teke opp kollekt under arrangementet. Gratisbillettane bestiller du på nettsida til KABB.

Powered by Labrador CMS