næringsliv
– Korona trugar sommarjobbar i butikk
– Sommarjobbane til ungdom kan vera i fare dersom hyttefolket blir utestengde over lang tid, og utanlandsturistane uteblir.
Dette seier Renate Larsen, som er dagleg leiar ved Coop Extra i Sveio.
I motsetnad til mange andre har den lokale Extra-butikken høgsesong om sommaren og må bemanna opp mens andre bemannar ned. I år kan det bli annleis om krisetiltaka blir langvarige og hyttefolk og turistar må halda seg heime.
– Det er ikkje kritisk for oss og ingen faste arbeidsplassar er i fare. Men færre kan få sommarjobb, seier Larsen.
Absurd situasjon
Dagens situasjon kallar ho absurd. Ein av dei 17 fast tilsette er i karantene etter eit utanlandsopphald og har ikkje vore innom butikken sidan vedkommande kom heim. Butikken må bruka fleire ekstrahjelper, mellom anna fordi minst eitt dagsverk nå går med til å følgja opp dei nye, strenge reingjeringsrutinane som kjeda har sett i verk.
Larsen opplevde hamstring onsdag og torsdag sist veke. Det roa seg fredagen og laurdagen, og nye varer er på plass måndag slik bransjen har lova.
Også ved Joker i Førde fortel Ingunn Jørgensen om tendensar til hamstring. Heilt unødvendig, meiner ho, og viser til at dei også har fått inn nye varer.
Joker er ein av dei butikkane som tener mykje på hyttefolk og turistar.
– Allereie nå til påske hadde me rekna med auka omsetnad av den grunn. Nå misser me venteleg den ekstrainntekta, seier Jørgensen.
Varelevering
– Hyttefolket er svært flinke til å handla lokalt. Dei står for ein stor del av omstnaden hos oss. Derfor blir det spennande å sjå korleis dette året utviklar seg, seier Åse Marie Økland ved Nærbutikken i Auklandshamn.
Økland har hatt fleire kundar enn vanleg i butikken dei siste dagane, og større omsetnad. Direkte hamstring har ho derimot ikkje vore vitne til.
– No håpar eg berre at folk blir endå meir bevisste på å handla lokalt, seier ho.
Samstundes ber ho dei som er i karantene eller har influensaliknande symptom om å halda seg borte frå butikken.
– Me kan levera varer heim til kundane våre i staden, seier Økland.