meiningar
Gårsdagens tankar ligg bak E39-planane
Den nye firefelts E39 er utdatert alt på planleggingsstadiet. Heldigvis er det ikkje for seint å nedskalera prosjektet til noko me som samfunn kan stå inne for også i framtida.
Dei enorme naturinngrepa knytt til dagens vegutbygging er uttrykk for ein tenkemåte som reknar seg som framsynt, men heldigvis er i ferd med å gå ut på dato. Urørt natur er den viktigaste verdien me har for framtida, både lokalt og globalt. I dag blir han bygd ned bit for bit.
Stadig fleire peikar på at me ikkje bruk for ein fire felts E39 med fartsgrense 110. Om ein i staden set 90 som maksgrense gjev det langt lågare utslepp og utbyggingskostnadar, og sparer mykje natur og landbruksjord frå å bli lagt under asfalt. 90-grense blir støtta av bilist-organisasjonen NAF, som bed om at terskelen for bygging av firefeltsveg blir høgare, at det blir meir bruk av to- og trefeltsveg med midtrekkverk, og ny standard for firefeltsveg med 90-grense. Nyleg la òg det internasjonale energibyrået IEA fram 10 punkt for å redusera oljebruken i verda – raskt. Eitt av forslaga er maksgrense på 90 km/t. I motsetnad til dei fleste andre tiltak er dette enkelt og lønsamt å gjennomføra, og kan gjerast nesten over natta. Behovet for redusert oljebruk kjem ikkje til å gå over.
Overdimensjonerte prosjekt av denne typen legg beslag på midlar som i staden kunne gått til andre tiltak som rassikring, utbetring av dårlige vegar og bruer, og meir miljøvenlege ferjer over heile landet. Det einaste me vinn på 110-grensa er kortare reisetid – men kostnaden for dei ekstra 20 km/t er enorm, og den sparte tida er dessutan nokså teoretisk. Aukar du farten frå 90 km/t til 110 kan du spara eitt minutt og 13 sekunder per mil. I praksis har det vist seg at farten ikkje aukar så mykje som det er lagt til rette for på motorvegane fordi mange synest det er ubehageleg å køyra så fort. Høgaste lovlege fart for lastebilar og vogntog er dessutan 80 km/t.
Denne vegstrekninga har heller ikkje eit trafikkgrunnlag som tilseier behov for fleire felt i dag. I Vestavind for nokre veker sidan blei det vist til at årsdøgntrafikken på strekninga Våg-Aksdal allereie er på 12.000 køyretøy, som er innslagspunktet for 4-felts veg. Ei strekning på 6 km der E39 fell saman med E134 blir altså trekt fram som grunngjeving for at det er behov for fire felt på den planlagde strekninga på 57 km mellom Bokn og Hope. Me vil gjerne sjå tala også for andre deler av vegen.
«Når me planlegg ny veg, skal den vere dimensjonert for trafikken som berekna 20 år etter opning», uttalar planleggingsleiaren i Vegvesenet. Følgjer ikkje Vegvesenet med på andre, overordna målsetjingar for samfunnsutviklinga – til dømes klimamåla? Det er ikkje er plass til ein kraftig auke i vegtrafikken i nullutsleppssamfunnet som me alle må jobba mot. Sjølv om alle køyrety etter kvart skulle bli elektriske, vil auka trafikk ha uønska konsekvensar. Mellom anna er biltrafikk ein av dei største kjeldene til mikroplast i naturen. Og ikkje minst skal også energien til elbilane komma frå ein stad.
I ei framtid der klimautsleppa skal kraftig ned, må det vera eit mål at folk bur nær der dei jobbar, og ikkje at ein – sett på spissen – skal kunna bu i Stavanger og jobba i Bergen. For mange av oss som bur i Sveio er nærleik til naturen den viktigaste årsaka til at me har busett oss nettopp her. Ein monsterveg av den typen som me kan sjå på Sørlandet – som i verste fall er det me kan få i Sveio – vil ikkje styrka dei kvalitetane Sveio har som bukommune, snarare tvert om. Det låge talet på avkøyrslar gjer at vegen vil ha liten lokal nytteverdi, og mange vil måtta køyra langt for å komma inn på vegen. Heldigvis er det stadig fleire som ser galskapen i desse gigantomane vegprosjekta. MDG seier ja til ein tryggare E39, men krev ein kraftig nedskalering av planane – nå – før endå meir pengar og natur blir kasta ut av vindauga.
Ellen Tveit
På vegner av styret i Sveio MDG