frå papirarkivet
30. mai 1996:
På pinsepatrulje med Vestavind
Denne saka var på trykk i Vestavind 30. mai 1996. Vestavind var ein liten runde i kommunen første pinsedag for å sjå på aktiviteten rundt om på vegar og tun.
– Herleg å kome seg vekk litt. På campingplassen i Valevåg trefte me fire knalltøffe haugesundarar. Ein sein frukost var i sluttfasen då lokalavisa sin dundra på hytteveggen, men dei gjestfrie haugesundarar slapp oss likevel inn. Vanlegvis tilbragte dei pinsehelga i Kinsarvik, men av diverse årsaker var planane endra dette året.
Mennene kom til Valevåg fredagen, ektefellane dagen etter. Talsmann for gruppa var taleføre Arne Skree. Han kunne fortelje om stor aktivitet. Dei hadde teke bilen ned til sjølve Valevåg eine dagen og i tillegg hadde dei grilla i timevis. Alle var kjempenøgde med opphaldet, og dei nytta eit kvart høve til å setje seg i solveggen.
Dei to para skulle vere til måndagen, og planane for sundag var ein tur til kaien i Førde, og eventuelle forfriskingar der. Talsmann Skree ville svært gjerne jogge til Førde men han fekk ikkje dei andre med seg.
– Men det skulle nå gå fint om dei måtte køyre bil også, meinte Skree.
Vassli
På Vassli trefte me unge Kjell Vihovde. Han hadde teke turen heimanfrå Vihovde for å vitje ein klassekamerat. Så langt i pinsen hadde han mest vore heime og slappa av. Tankane hadde helst krinsa om korleis han skulle gripe fatt i lesinga til eksamen. Det var viktig med skikkeleg planlegging, meinte Vihovde.
På Øvre Vihovde fann me familien Budal Jacobsen. Dei har kjøpt seg feriehus her. Mor til far Per kjem frå Haugland, så det er ganske naturleg at dei då søkjer seg til Sveio for å feriere, seier dei.
– Her er det greitt å bu her. Me har det meste her, og eg kjenner og ein del folk frå oppveksten min, seier Per.
På veg heim frå tur trefte me familien Kjeka frå Liereid. Dei var på veg heim etter ein tur ned til Bårvåg. Og mor Anna kan fortelje om ein flott tur, med mange meir og mindre forfalne kvernhus langs ruta. Elles har dei stort sett vore heime og slappa av i pinsen. Dei store planane for resten av helga låg heller ikkje føre.