Nyheiter |
|||
"Innsikter" på plass i Eikeland kapell
Tekstilkunstnar Karoline Emmerhoff har både laga utsmykking og vore konsulent i høve oppussinga av Eikeland kapell. Kapellet skal feira 50-års jubileum 14. november. Kari Haukås kari@vestavind-sveio.no Tekstilteppet er 5 1/5 meter langt og halvannan meter breitt, og går frå tak til golv. Framfor teppet, i fin kontrast til det kvite ullstoffet, heng Kristus-kransen som kunstnaren tidleg bestemte seg for skulle vera med i utsmykkinga. Det var i slutten av mai 2009 at Karoline Emmerhoff for første gong sette sine bein i kapellet, invitert av leiar i soknerådet, Magnhild Enerstvedt Thorland. Ei eiga jubileumsnemnd med Hilde Økland i spissen var oppnemnd, og Emmerhoff blei spurd til råds. Seinare fekk ho også i oppgåve å laga ei utsmykking til kyrkjerommet. Det var behov for ei opprydding. Frontveggen framstod som rotete, ein visste liksom ikkje kor ein skulle festa blikket. Dei gjekk blant anna for to lettvegger, ein på kvar side av alterbordet. Resultatet har blitt flott høgdeverknad som understrekar det sakrale. Understrekar takhøgda – Å sjå det ferdige resultatet gav meg ei veldig god kjensle, nå er eg veldig glad, sa kunstnaren då Vestavind trefte henne i kapellet dagen etter at teppet var kome på plass. Det lange teppet understrekar takhøgda, og er sydd i tre lag ullstoff, pluss innleggsstoff som støttar opp. Teppet har 18 firkanta hol, kvar på 8 x 8 centimeter. Nå gjenstår det å lyssetja arbeidet. Som søndagsskulelærar var kunstnaren godt kjent med symbolikken i perlene til Kristuskransen. -– Me kan øva oss i dei verdiane kransen står for, dei er verdt å kjempa for, oppfordrar kunstnaren. Gode hjelparar Den største perla i Kristus-kransen er det sveibuen Harry Rød som har dreia. Dei andre 17 perlene er i raudselja og er dreia av Aksel Byrkjeland frå Norheimsund. Dekorasjonsmalar Kåre Limseth gav henne ikkje berre gode råd, men tilbudde også ein plass i atelieret sitt i Vedavågen då ho skulle dekorera kulene. Karoline Emmerhoff er oppvaksen på Tveit i Sveio, og er nå busett i Haugesund. Ho er utdanna faglærar i forming, men er elles sjølvlært. Tidleg på 1990-talet etablerte ho sitt eige keramikkverkstad, men har elles jobba med mange forskjellig kunstuttrykk opp gjennom åra. Nå i sluttprosessen er kunstnaren mest opptatt av å takka alle hjelparane som har støtta henne undervegs. Ja, til og med katten hennar har gitt sitt bidrag til arbeidet. Til vanleg har pus fri tilgang på stova, men katten har ikkje vore i stova den siste månaden, fortel Emmerhoff som måtte ta heile stova til arbeidsplass då tekstilteppet blei laga. Sjølve gjennomføringa på teppet tok ein månad. – Nå har pus fri bane i stova igjen, avsluttar kunstnaren glad. |
|||
Nyheiter
Publisert 10.05.2013 - 11:35
Bustadhus rundstoleEit kjellarvindauge er knust og karmen øydelagt, døra mellom kjellar og første etasje er brote opp. » Les heile saka |
|
Nyheiter
Publisert 10.05.2013 - 11:12
To småskular skal vurderast nedlagtKommunestyret var så og seia todelt - men det skal lagast sak om å leggja ned småskulane Lid og Auklandshamn. Enkelte politikarar meiner at skulane ikkje får fred før dei er lagt ned. » Les heile saka |
|
Nyheiter
Publisert 27.03.2013 - 09:19
Grasbrann og straumbrotNaboar oppdata brann i graset under ei kraftmast då straumen gjekk onsdag morgon ved Tittelsnesvegen, like nord for Sveio sentrum. Klokka 8.15 fekk politiet melding frå brannvesenet sin 110-sentral. Politi og brannvesen var på staden, grasbrannen blei raskt sløkt. Eit område på 3x3 meter under masta blei svidd av. Brannen er mest sannsynleg forårsaka av gneister frå ein defekt leidning på kraftmasta, opplyser operasjonsleiar Tore Frøyland-Jensen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. » Les heile saka |
Nyheiter
Publisert 21.03.2013 - 08:44
Ny fylkesdebattMåndag var ordførar og kommunestyret samla ein heil dag for å snakka om framtida til Sveio kommune, 20 år fram i tid. Økonomiske utfordringar blei lagt til side og mulegheiter diskutert. » Les heile saka |
Nyheiter
Publisert 21.03.2013 - 08:42
Dystre mobbetal for SveioSveio kjem dårleg ut i fjorårets Elevundersøking. 13 prosent av elevane seier dei blir mobba fleire gonger i månaden. Tar ein med dei som seier dei har blitt mobba ein sjeldan gong dei siste månedane, blir talet 34 prosent. » Les heile saka |
|
Nyheiter
Publisert 14.03.2013 - 08:51
Folkeaksjon for nytt bassengSveio bygdelag vil starta underskriftkampanje med krav om at avgjerda om bassengkronene må vurderast på nytt. » Les heile saka |
Nyheiter
Publisert 14.03.2013 - 08:48
Kva kurs skal Sveio ta?Det er om lag 550 firma eller føretak i kommunen. Ny strategisk næringsplan for Sveio skal lagast, og alle hovud blir slått saman – anten ein er frisør, bonde, entreprenør, snikkar eller hytteutleigar. Ein mulegheitsarena i neste veke skal vera arena for å tenkja – kva veg skal Sveio kommune gå? » Les heile saka |
Nyheiter
Publisert 21.02.2013 - 12:38
Svømmer på dispensasjonHallen som blir nytta til symjeopplæring i Sveio blir drive på dispensasjon på 14. året. Det er vedteke frå kommunestyret å byggja ein ny symjehall i samband med Vigdartun, men nå set koalisjonen bremsene på. Ordføraren hadde eit knapt fleirtal med seg frå opposisjonen då det blei vedteke å gå gjennom bassengsaka på ny. » Les heile saka |
Nyheiter
Publisert 07.02.2013 - 09:34
I fyr og flammeDei nybakte noregsmeistrane gnei seg i augo, og klappa og jubla for seg sjølve, då sjølvaste Tom Telys spaserte inn i klasserommet ein heilt vanleg skuledag. 1. og 2. klasse ved Lid skule har samla inn flest tomme telyskoppar per elev i heile landet! » Les heile saka |
Nyheiter
Publisert 20.12.2012 - 08:55
Les Vestavind på nettI dag, 20. desember blir Vestavind fulldistribuert til alle husstandar i Sveio, klikk her for å lesa heile avisa på nett. » Les heile saka |
|
Nyheiter
Publisert 06.12.2012 - 09:21
Sikrar vatn til alleSnart skal det tappast 2 millionar liter vatn i høgdebassenget på Rossafjellet. Det har fleire fordelar for folk flest – til og med ein flott turveg til utsiktspunktet ved Paddevegen. » Les heile saka |
Nyheiter
Publisert 06.12.2012 - 09:18
– Få ei utsetjing!Ei veke før dei folkevalde bestemmer seg for om det skal leggjast lok på heile prosjektet rundt eit senter i Fartein Valen sitt namn, inviterte Valestrand bygdelag til bygdemøte. Kva mulegheiter kan eit slikt senter gi bygda, kommunen og regionen? » Les heile saka |



